Tanker etter landsmøtet

På slutten av ein lang debatt på Norges Samemisjon sitt Landsmøte i Alta 2.-4. oktober kom det inn fleire nye forslag til veivalg vidare som i sin tur blei trekt.

Av Liv Solfrid Grønstad Hauge – formann i Kolaforeninga

Forvirringa og frustrasjonen blei toppa då Landsstyret meddelte at dei trekte sitt opprinnelige forslag om å gå i fusjon med Sarepta. Dei ynskte å jobba vidare med avtalen og utsetja avgjerda til eit ekstraordinært Landsmøte neste år. Dette var ei vending som neppe nokon hadde sett koma. Prosessen fram til nå har vore slitsom for alle, og eg var innstilt på at nå skulle me ta ei avgjerd same kva resultatet måtte bli.

Det blei sagt frå talarstolen at Guds vilje måtte skje. Kanskje var det nettop det som skjedde! Misjonsfolket i NSM var splitta. Nå er tida for å leggja «stridsøksene» ned og tenkja framover. Jon Teigen vart vald til ny formann i Landsstyret. Han er ein sindig, strukturert og konstruktiv mann. Eg trur han er utrusta med gode evner til å kunna skapa forsoning. Det trengs! Han skal leia arbeidet med to veivalg vidare: fusjon og omorganisering.

Kanskje har det kome noko godt ut av dette, trass alt? Det er ingen tvil om at dette har skapt eit enormt engasjement. Nå må me bare bretta opp, og stå på for Samemisjonen både i sør og nord. Vi er fleire som har eit særleg engasjement for arbeidet på Kola, derav namnet på den nye foreninga vi starta i august.