Intervju med Jon Teigen i avisa Dagen

Avisa Dagen har eit lengre intervju med Samemisjonens nyvalgte formann Jon Teigen. Her kommer det til dømes fram at han har god tru på framtida til Samemisjonen som eigen organisasjon.

Nøkkelen ligg i å omstille seg fra å være ein stor organisasjon til å være ein liten, trur Teigen.

På det meste hadde Samemisjonen 2500 foreiningar. Nå har dei 20. Organisasjonen har gått med eit underskudd på 80 millioner dei siste 20 åra. Pengene har blitt tilført kassen ved hjelp av eiendomssalg.

Nå begynner ein å nærme seg botnen av kassen. Ein anslår at Samemisjonen sit på verdier til i underkant av 30 millioner.

– Det vert sagt at vi står ved eit vegskilje, og det er heilt korrekt, erkjenner Teigen.

– Eg ser store utfordringar og store moglegheiter. Eg kjenner på ny optimisme og er freista til å seie at det trengs ei lita kursjustering, seier Teigen til Dagen.

Han opplevde det som eit kall å gå inn i rollen som formann i organisasjonen, sjølv om det var uventa.

Teigen ønsker eit breitt samarbeid med andre organisasjonar, noko Samemisjonen tidlegare har vore kjent for. Spesielt i nord er kristenflokkane så små at ein treng kvarandre.

Eit område Teigen har tatt tak i er å engasjer misjonsfolk i prosjekter Samemisjonen er ansvarlig for. 15 prosjekter er nå konkretisert og foreninger og enkeltpersoner er utfordra til å ta ansvar.

– Når folk blir utfordra til konkrete prosjekt er det lettare å få til innsamlingsaksjonar, seier han. Og har blitt svært oppmuntra av at to foreiningar allereie og i løpet av to månader har samla inn nærare 100 000 kroner til to prosjekt i Russland.

– Kanskje har noko av problemet til Samemisjonen vore den store pengesekken? Den har kanskje skapt ei kjensle av at det ikkje er så farleg å driva med underskot, spør han og meiner det er mogleg å revitalisere Samemisjonen.

– Kan vi få karra saman glørne som finns i Finnmark og resten av landet kan det ta fyr. Det er det vi kallar vekkjing, seier han.

Det meiner han føreset vilje til forsoning og samarbeid.

Heile intervjuet kan du lese i avisa Dagen den 5. januar

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Please reload

Vennligst vent ...